Artos (ἄρτος, gammalgresk for ‘brød’[1]) er eit stykke heva brød som blir signa under gudstenesta i ortodoks[2] og orientalsk katolsk kristendom.
Til påske blir det brukt ein stor artos med eit segl som syner oppståinga til Kristus. Mindre brød blir signa i eit rituale kalla artoklasia og i samband med andre høve som festdagar for helgenar, bryllaup, minnegudstenester og likande.[2] Etter signinga blir dei skorne opp og delte ut til kyrkjelyden.[3]