Dicksonfjorden

Dicksonfjorden er ein fjordarm frå NordfjordenSpitsbergen i øygruppa Svalbard. Fjorden er om lag 30 km lang. Han går nordover aust for Ekmanfjorden, mellom dei ligg Kapp Wærn. Det er grunnflak og vanskelege tilhøve i fjorden, og munningen kan lett bli blokkert av is når det er is i Nordfjorden. Dicksonfjorden blir derfor rekna som vanskeleg å ferdast i.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy