Faseforskyving er ein skilnad i fase mellom to periodiske storleikar som varierer med same frekvens. Faseskilnaden kan variere med ein vinkel frå 0 til 360º eller frå 0 til 2π rad. Om faseforskyvinga er 180 grader (π rad), så er svingingane sagt å vere i motfase eller antifase. Om to vekselverkande bølgjer er i motfase, så vil ein få øydeleggjande interferens.
Vekselstraum i ein kondensator er faseforskyvd 90° (ein kvart periode) føre spenninga, og i ein spole 90° etter spenninga. Fase er relatert til tidsforsinking (s) som
der er vinkelfrekvensen [rad/s].