Froan

63°59′47″N 9°6′23″E / 63.99639°N 9.10639°E / 63.99639; 9.10639

Kart
Froan

Froan, Froøyane eller Froværet er ei øygruppe i Frøya kommune i Trøndelag som ligg ute i havet vel 40 kilometer vest for Fosenhalvøya. Namnet «Froan» kjem truleg av fraade, som er eit uttrykk for skummet på havet når det slår mot land.

Froan utgjer ein del av øyrekkja nordvest for Frøya med fiskeværa Sula, Bogøy og Mausund i sør, vidare Froan med Gjæsingen, Sørburøy og Sauøy, for deretter å ende ytst i det gamle fiskeværet Halten med Halten fyr.

To av Froøyane, Sørburøy og Gjæsingen, har permanent folkesetnad, om lag 40 personar.[1] Fram til 2010 var det òg fastbuande på Sauøya.[2] Sørburøy har barne- og ungdomsskule med vel 10 elevar, med noko fjernundervisning frå Gaske-Nøørjen Saemieskuvle.[3] Det vert drive fiskeoppdrett i området.[4] Froan kapell på Sauøy vart bygd i 1904.

Mange ferierer på øyane i sumarhalvåret.

Froan har fleire hundre øyar, i tillegg til ei mengd holmar og skjer. For det meste er øyane låge og småkuperte, med Kunna på 49 moh. som det høgaste punktet. Nokre av øyane har små innsjøar eller tjørn som resultat av tidlegare torvuttak for brensel. Nokre få av øyane har beiteland og dyrka areal, og det vert halde sau på fleire av øyane.

  1. Thorsnæs, Geir. (3. september 2019). Froan. I Store norske leksikon.
  2. Skjesol, Hilde (26. juni 2010), «- Godt å komme bort fra isolasjonen», adressa.no (på norsk bokmål), henta 7. mars 2020 
  3. Line, Maria er samisklæraren vår | Sørburøy skole (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 25. september 2020, henta 7. mars 2020 
  4. Tønset, Marianne (15. september 2017), «Snart klar for 1,6 millioner laks», adressa.no (på norsk bokmål), henta 7. mars 2020 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy