Hardanger

Hardanger
Måleriet «Brudeferd i Hardanger» er eit viktig verk i norsk nasjonalromantikk, måla i 1848 av Tidemand og Gude.
Trolltunga ved Tyssedal i Odda kommune.
Folgefonna, den tredje største isbreen i Noreg.

Hardanger er eit landskap langsmed og omkring Hardangerfjorden i Vestland fylke. Området strekkjer seg frå kommunane Ullensvang og Kvam i vest og følgjer fjorden heilt inn til tettstaden Eidfjord i aust og sørover langs Sørfjorden til Odda, i tillegg til dei omliggjande fjelltraktene som mellom anna femner Kvamskogen og delar av Hardangervidda og Folgefonna, den tredje største isbreen i Noreg.

Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang, i tillegg til dei sørlege delane av Voss herad (tidlegare Granvin herad). I tillegg kan delar av Kvinnherad kommune verta rekna med i Hardanger. Sidan bløminga av den norske nasjonalromantikken har Hardanger vore kjend som ein av dei vakraste og mest rotekte delane av landet. Måleriet Brudeferd i Hardanger frå 1848 av Tidemand og Gude har i ettertida blitt ståande som det viktigaste frå den nasjonalromantiske perioden på 1800-talet. Landskapet har trekt til seg både norske og utanlandske turistar. Fruktbløminga om våren er vidt kjend. Hardangerbunaden er brukt både lokalt og i resten av landet.

Hardanger er særleg kjend for lange og smale fjordar med eit mildt klima som er særleg gunstig for fruktdyrking. Andre typar jordbruk og båtbygging har lenge vore næringsvegar i området, medan tungindustrien er blitt den viktigaste levevegen i industristadane Odda, Tyssedal og Ålvik i nyare tid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy