Hardangerbana

Rest av Hardangerbana i dag.
Foto: Bjarne Henning Kvåle (2015)

Hardangerbana var ei 27,5 km lang elektrisk jarnbane som gjekk frå Voss stasjonBergensbanen til Eide ved Granvinsfjorden. Vedtaket om bygging vart fatta i Stortinget i 1919. Bana vart opna 30. mars 1935. Persontrafikken vart nedlagt 1. juni 1985, godstrafikken i 1989.

Bana var i drift i vel 50 år. Sporet frå Voss til Palmafoss godsterminal (3,39 km) vart teke vare på som eit sidespor til Bergensbanen. Store delar av den gamle bana er i dag i bruk som gang- og sykkelveg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy