Historiekultur

Historiekultur er eit omgrep for ei samling av reiskapar, kunstgjenstandar, dokument, tekster, bilete, ritual, sedvanar og påstandar og liknande som er rekna for å høyre fortida til og som er aksepterte brukt for å binde for-, sam- og framtida saman.

Omgrepet «historiekultur» femner både om faghistorisk verksemd slik ein finn ho ved høgskule og universitet, historiefaget i skulen, populærvitskapleg historieforteljingar i ulike medium og innanfor kunst og underhaldning. Historiekultur femner også om elitære og folkelege praksisar som skal knyte fortid, samtid og framtid saman.

Det er fleire ulike historiekulturar. Ulike statar og nasjonar har ofte ulike historiekulturar, og ulike regionar og ulike sosiale og etniske grupper kan ofte også ha sin eigen historiekultur. Ein historiekultur opnar opp for fleire ulike bruksmåtar. Eit eksempel frå Noreg er korleis Stiklestad har vore brukt av fleire ulike grupper (for eksempel: den konservative nasjonale eliten i 1930-åra, Nasjonal Samling i 1940-åra og Nei til EU på 2000-talet) for å tolke samtida og skape samling om eit felles syn på framtida.

Stiklestad har vore ein viktig plass i norsk historiekultur. Her er det Vidkun Quisling som tek plassen i bruk.

Historiekultur, og konkret bruk av historiekulturen, har i løpet av 2000-talet blitt eit etablert sjølvstendig forskingsfelt. For det første har det blitt lagt langt større vekt på at også historieforskarane arbeider innanfor ein bestemt historiekultur og også er historiebrukarar. Eigne kurs i faghistorie, historiografi, blir no gitt dei fleste studentar i historiefaget. For det andre har det blitt auka forskning på bruken av historie i skulen, bruken av minnestader, etableringen av museum mv.. I EU er det finansiert eit større forskingsprosjekt om nasjonalmusea i ulike land. I Noreg har det vore en spesielt stor interesse knytt til bruken av 2. verdskrig.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy