Hufvudstadsbladet

Hufvudstadsbladet 10. januar 1865

Hufvudstadsbladet (HBL, på folkemunne Husis, på finsk også Hubla eller Höblä) er ei finlandssvensk dagsavis som blir gjeven ut i Helsingfors. Ho vart grunnlagt i 1864 av August Schauman og det første nummeret kom ut den 5. desember same år.

I byrjinga utkom Hufvudstadsbladet seks dagar i veka og vart seld berre til abonnentar. I slutten av 1800-talet vart Hufvudstadsbladet den største dagsavisa i Finland. I dag er ho den største svenskspråklege avisa i Finland, med eit opplag på omkring 50 000–55 000 per utgjevingsdag.

Namnet blir skrive Hufvudstadsbladet av historiske grunnar. Avisa, som frå og med 2004 kjem ut i tabloidformat, har også finskspråklege lesarar i Helsingfors.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy