Hydrometeor

Hydrometeorar er eit fellesomgrep på alt som er danna av kondensasjon av vassdamp anten i den frie atmosfæren eller ved jordoverflata. Dette er altså nedbør som regn, snø, yr, hagl, i tillegg til skyer, tåke, rim og dogg. I tillegg vert både faste og flytande partiklar som virvlast opp frå jordoverflata og ført av stad med vinden, som snøfokk eller sjøsprøyt, rekna som hydrometeorar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy