Jomfrutur

RMS «Lusitania» kjem til New York etter sin jomfrutur frå Liverpool.

Jomfrutur (etter engelsk maiden trip eller maiden voyage) er den første reisa til eit nybygd fartøy, særleg eit skip. Jomfruturen finn gjerne stad ei tid etter sjøsetjing, etter at skipet har blitt testa.

Berømte jomfruturar som har end i katastrofe er mellom anna dei til det svenske skipet «Vasa», som kantra i 1628, RMS «Titanic», som gjekk på eit isfjell i 1912 og det tyske slagskipet «Bismarck», som blei senka av fiendtlege styrkar i 1941.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy