Lilleakerbanen

Trikk mot sentrum på Lilleaker haldeplass på Lilleakerbanen.
Ein trikk på Lilleakerbanen på haldeplassen på Jar på veg inn mot Oslo sentrum over Lilleakerbanen før Kolsåsbanen vart T-baneline. Trikken er to motorvogner, såkalla «gullfiskar», samankopla i tog. Attom står ei av dei tidlegare blåmåla vognene som gjekk i trafikk på den dåverande Kolsåsbanen mellom Kolsås og Nationaltheatret stasjon.
Lilleakerbanen i 1920.
Haldeplassen for trikken på Jar, med spor og plattformar skilde frå spora og plattformane på T-banelina på haldeplassen. Plattformane for T-banetoga ligg i framgrunnen, og er ikkje kome med på fotografiet.

Lilleakerbanen er ei trikkelinje som opna som forstadsbane på eigen trasé over Skøyen fram til Lilleaker i Oslo i 1919, og som no er ei trikkelinje for bytrikken i Oslo fram til Jar i Bærum kommune, der banen møter T-banens linje Kolsåsbanen. Her har trikken sams stasjon med T-banen, men eigne plattformar på grunn av ulik storleik på vognene. Frå Jar går trikken vidare på T-banelinja fram til Bekkestua i Bærum, der trikken har endestasjon på eigne sidespor på T-banestasjonen. Køyrestraumen, som er 750 volt likestraum, får trikken frå kontaktleidning over sporet, òg på den strekninga av T-banelinja der T-banetoga nytter straumskjene.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy