Magdalene Thoresen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg, Danmark |
Fødd | 3. juni 1819 Fredericia |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent |
Språk | norsk, dansk |
Ektefelle | Hans Conrad Thoresen |
Magdalene Thoresen på Commons |
Anna Magdalene Thoresen (fødd 3. juni 1819 i Fredericia i Danmark, død 28. mars 1903) var ein dansk-norsk forfattar. Ho var gjennom ekteskap med Hans Conrad Thoresen stemor til Suzannah Ibsen, som var gift med Henrik Ibsen.
Hans Conrad Thoresen var gift tredje gong med Magdalene Kragh. Magdalene tok i 1842 mot tilbod om å vere guvernante hjå prosten Thoresen i Herøy, ho fekk i juni 1843 i København ein son som blei sett bort, og gifta seg så i oktober 1843 med Thoresen.[1] Ho reiste mykje rundt på Sunnmøre og i boka Billeder fra Vestkysten af Norge (1872) fortalde ho om inntrykka frå Sunnmøre og Vestlandet.[2] Ekteparet flytta omkring 1843 til Bergen.[3]
Ho vart portrettert av Georg Brandes i Dansk illstr. Tid. 22. april 1866.[4]