Midt-Noreg

Midt-Noreg er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylket Trøndelag, oftast òg inkludert i det minste delar av Møre og Romsdal. Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av Nordland (Helgeland) og Hedmark (Nord-Østerdalen). Historisk sett har Midt-Noreg røter i Frostating lagdømme, Nidaros bispedømme og Trondheims len — som alle har hatt Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal som sitt kjerneområde. I den offentlege forvaltinga frå slutten av 1900-talet av svarar Midt-Noreg med eitt unntak til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Etter at Sør- og Nord-Trøndelag vart slått saman er nemninga Midt-Noreg mindre brukt.[treng kjelde]


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy