Musevisa

Når nettene blir lange og kulda setter inn
da sier vesle musemor til ungeflokken sin:
«Hvis ingen går i fella, men passer seg for den
skal allesammen snart få feire jul igjen!»

Alf Prøysen: Samlede viser og vers (1978) b. 2 s 101

«Musevisa» er ein julesong skriven av Alf Prøysen i 1946.

Det var Lauritz Johnson som bad Prøysen om å lage nokre barneviser til jul for radio. Ei av visene Prøysen skreiv, var «Musevisa».[1] Han debuterte i radioen med denne songen i ein barnetime leia av Onkel Lauritz.[2]

Songen har åtte vers, og handlar om korleis mysene feirar jul. Dei har det enkelt, men morosamt: «Om julekvelden da skal alle sammen være gla'!». Melodien er ein gammal reinlender.

  1. Prøysens venner, arkivert frå originalen 12. februar 2010, henta 6. desember 2008 
  2. Barnetimen for de voksne

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy