Niese

Miniatyrbilde av den franske diktaren Catherine d'Amboise og niesa Antoinette d'Amboise.

Niese er dotter til nokon sin bror eller syster. Ein kan òg nytta ordet brordotter eller systerdotter for å vidare klargjera slektskapet.

Som «nevø» er ordet «niese» kome til norsk gjennom fransk (nièce) frå latin, frå ordet neptis, som tydde 'sonedotter, dotterdotter'. Ei anna nemning for jenter og gutar nokon er onkel eller tante til er onkel- eller tantebarn. Desse nemningane kan opplevast som mindre formelle enn «niese» og «nevø».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy