Sassenfjorden

Sassenfjorden ligg inst i IsfjordenSpitsbergen i øygruppa Svalbard. Han går av mot aust-søraust og er rundt 15 km lang. Inst i fjorden, på nordsida, ligg fjellformasjonen Tempelet. Her vender fjorden mot nordaust og skiftar namn til Tempelfjorden.

Nord for fjordmunningen, mellom Sassenfjorden og Billefjorden, ligg fuglereservatet Gåsøyane.

Opphavet til namnet er usikkert, men det kan komme frå nederlandsk Sas, som tyder 'sluse', 'basseng' eller 'ankerplass'.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy