Solmaksimum er ein normalperiode med den største solaktiviteten i den 11-årige syklusen til sola. Under eit solmaksimum oppstår fleire solflekker og irradiansen til sola aukar med om lag 0,07 %.[1] I gjennomsnitt tar solflekksyklusen om lag 11 år å gå frå eit solmaksimum til det neste, som er observert til å vara mellom 9 og 14 år.
Større solstormar går ofte føre seg under eit solmaksimum. Til dømes solstormen i 1859, som var den mest intense registrerte magnetiske stormen og er i stor grad rekna for å ha vorte forårsaka av ein solstorm av liknande proporsjonar.[2]