Storofsen

Storofsen (òg kalla Skriusommaren) er namnet på ein flaum som råka hovudsakleg indre område i store delar av Noreg frå 20. til 24. juli 1789. Flaumen kom av sein snøsmelting samt eit lågtrykk som kom opp frå søraust og gav kraftig nedbør og mildvêr. Det vart rapportert om ulukker på Nordmøre, Gauldalen, Østerdalen, Romerike, Gudbrandsdalen, Valdres, Numedal og Sandsvær. Dei største skadane skjedde i Gudbrandsdalen, i Vågå og Fron. Minst 61 menneske omkom, men enkelte kjelder tyder på at talet kanskje var opp mot 80.[1] Vel 1500 gardsbruk vart skadde og samla skade vart estimert til 563 500 riksdalar.[1]

Gudbrandsdalslågen fylte heile dalbotn. Mjøsa vart nesten heilt dekt av tre og avfall, og det tok to år før innsjøen var rein att. Dei to dagane flaumen var verst, var vasstanden opptil sju meter over det normale. Innbyggjarane fekk liten hjelp av styresmaktene på grunn av dårleg informasjon om katastrofen.

Andre vassdrag som vart råka var Glomma, øvre delar av Drammenselva, Numedalslågen, Driva, Orkla og midtre delar av Gaula. Heilt sør til Otra på Sørlandet var det flaum.

  1. 1,0 1,1 Asle Hella og Lars Andreas Roald (25. september 2008). «De største flommene i Norge». Meteorologisk Institutt/NVE. Henta 30. september 2008. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy