Strandflate

Utsikt over strandflata på Helgelandskysten frå Dønnesfjellet i Dønna. Her kan ein sjå fleire av restfjella som er landemerker på Helgelandskysten: Frå venstre: Træna, Lovunda, Selvær, Nesøya, Hestmona, Rødøyløva og Lurøyfjellet.
Foto: Mahlum
Gardsbygg på strandflata føre Lofotfjella på Eggum i Vestvågøy kommune.
Fjella i kommunen Vega på Helgeland hever seg over strandflata, og dannar ein såkalla rauk.
Byrkenes i Gulen er ein del av den norske strandflaten.
Foto: Frode Inge Helland

Strandflate er det låge landet og det grunne kystnære sjøområdet som er typisk for det norske kystlandskapet frå Stavanger i Rogaland til Magerøya i Finnmark. Strandflata høyrer med til dei landformene som er mest karakteristiske for Noreg, og er hovudsakleg utvikla i kvartærtida. Denne typen landskap finst òg i andre arktiske og antarktiske område som har vore eller er nedisa, til dømes Grønland og Svalbard. Strandflate er eit faguttrykk innan geomorfologi og blir brukt i faga geologi og geografi.[1]

  1. Motrøen, s. 11

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy