Teleskoplastar

Weidemann teleskoplastar som stablar rundballar.

Teleskoplastar er ei nærskyld maskin til gaffeltruckar, hjullastarar og mobilkraner. Teleskoplastarar har ein gaffel plassert på enden av ein teleskopisk bom som kan skuvast ut og trekkjast saman hydraulisk[1]. Maskinane finst i mange ulike storleikar, frå små, lette maskinar som vert nytta innan jordbruk til store, kraftige maskinar som vert nytta til tunge løft på byggeplassar og liknande[2]. Teleskoplastarar har ofte store hjul og firehjulsdrift, slik at dei kan nyttast på ujamnt og sleipt underlag. Nokre teleskoplastarar er utstyrte med firehjulsstyring, slik at dei kan nyttast der det er trongt om plassen[2].

  1. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,
  2. 2,0 2,1 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy