Together Through Life Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. april 2009 | |
Innspelt | Desember 2008 | |
Sjanger | Folkrock, bluesrock | |
Lengd | 45:33 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost (Bob Dylan pseudonym) | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 (2008) |
Together Through Life | Christmas in the Heart (2009)
|
Together Through Life er det 33. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve 28. april 2009 på Columbia Records. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen i fleire land, mellom anna i USA[1] og Storbritannia. Det var det første albumet til Dylan på toppen av den britiske albumlista sidan New Morning i 1970.[2][3] Albumet er òg det einaste til Dylan som har lege på toppen av både den amerikanske og den britiske albumlista samstundes.
Dylan skreiv alle songane på albumet bortsett frå ein i lag med tekstforfattaren til Grateful Dead, Robert Hunter, som han hadde skrive to songar med før i 1988 på albumet Down in the Groove. I eit intervju med magasinet Rolling Stone snakka Dylan om samarbeidet: «Hunter er ein gammal kamerat, og me kunne truleg skrive hundre songar i lag om me meinte det var viktig eller dei rette årsakene var der... Han har ein måte å skrive tekst på, og det har eg òg. Me skriv begge forskjellige typar songar enn det som i dag vert rekna som låtskriving.»[4] Den einaste andre låtskrivaren Dylan hadde samarbeidd med i same grad før var Jacques Levy, som han skreiv det meste av Desire med i 1976.
Albumet fekk to Grammynominasjonar for beste americana-album og beste rockesong for «Beyond Here Lies Nothin'».