Untersberg

Untersberg
fjell
Untersberg frå Salzburg
Land  Tyskland,  Austerrike
Fjellkjede Alpane
Høgd 1 972 moh.
Koordinatar 47°42′0″N 12°59′0″E / 47.70000°N 12.98333°E / 47.70000; 12.98333
Førstestiging 1100-talet
Kart
Untersberg
47°42′00″N 12°59′00″E / 47.7°N 12.983333333333°E / 47.7; 12.983333333333
Wikimedia Commons: Untersberg

Untersberg er eit fjellmassiv i Alpane mellom Berchtesgaden i Tyskland og Salzburg i Austerrike.

Fjellet er eit svært populært turistmål, sidan det ligg nær byen Salzburg, som ligg om lag 15 km nord for fjellet. Det går fleire stiar til topps, men dei fleste brukar kabelvogna som tar passasjerane over 1 300 m til Geiereck-toppen.

Den første ein veit som var på toppen var munken Eberwein på første halvdel av 1100-talet. Han høyrte til eit augustinsk kloster ved Berchtesgaden.

I 1829 skreiv Johann Nepomuk (1783-1865), Baron av Poissl, ein opera kalla opp etter fjellet, Der Unterberg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy