Youngstorget

59°54′53.766″N 10°44′55.496″E / 59.91493500°N 10.74874889°E / 59.91493500; 10.74874889

Folketeatret, teikna av Morgenstierne & Eide i art deco-stil i 1935, er hovudkontoret til Det Norske Arbeidarparti.
Foto: Kjetil Ree
Torget med Møllergata 19 i 1866, da første byggetrinn var ferdig. Fronten mot torget var lågare enn i dag, og bygningen med fengselet ruva i bakgrunnen. Oppe til høgre kan ein sjå kuppelen på Trefoldighetskyrkja. Bilete frå Byhistorisk samling, Oslo Museum.

Youngstorget er eit torg i sentrum av Oslo opparbeidd i 1846. Det er avgrensa av Youngs gate, Eva Kolstads gate og Møllergata. Torggata går tvers over torget. Torget er kalla opp etter kjøpmannen og stortingsrepresentanten Jørgen Young, eigar av Youngsløkken.[1] Youngsløkken låg der torget ligg i dag.

Youngstorget fekk namn i bystyret i 1951. I åra frå 1852 til 1951 var det offisielle namnet Nytorvet.[1]

Youngstorget er òg hovudsete for det politiske partiet Venstre og tidlegare til Framstegspartiet, men først og fremst kjend som hovudarena for den norske arbeidarrørsla, Det Norske Arbeidarparti sitt hovudkontor ligg i Folketeatret, det same gjer Folkets Hus. På motsett side av Folketeatret ligg den tidlegare hovudpolitistasjonen i Oslo; Møllergata 19.

Sjølve torget er lokalt listeført som handelsanlegg og er eit kulturminne.[2]

Torget er i dag hovudtorget i Oslo kor det blir selt grønsaker, frukt og bær og ein gong i veka er eggseljarane på plass. I sumarhalvåret er det òg bodar med mellom anna souvenirer og solbriller til sals.[3]

  1. 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 633
  2. Handelsanlegg - Nytorvet - Youngstorget i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  3. Et levende Youngstorg! frå Aktiv i Oslo (Vitja 20. januar 2014)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy