Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 30, 2024

Monte Velino

Appenninane er ei fjellkjede som strekkjer seg 1000 km frå nord til sør langs austkysten av Italia. Ho går langs heile halvøya og dannar ryggraden i landet. Fjella har gjeve namn til Den apenninske halvøya (Den italienske halvøya), som utgjer mesteparten av Italia.

Appenninane er ei fortsetjing av den alpine fjellkjeda, men dei individuelle sonene i Alpane kan ikkje sporast inn i Appenninane. Fjella er stort sett dekte av grøn vegetasjon og skog, men den eine sida av den høgaste toppen, Corno Grande (2 912 m), er delvis dekt av den sørlegaste isbreen i Europa. Austsida som heller ned mot Adriahavet er bratt, medan vestsida dannar ei slette der dei fleste historiske byane i Italia ligg. Den totale lengda er om lag tusen kilometer og breidda er 80 til 140 km. Les meir …


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy