700-talet

Den austlege halvkula ved byrjinga av 700-talet.

< 700-talet > var hundreåret frå 700 til 799.

Dette hundreåret fekk muslimske arabarar raskt herredøme langs kysten av Nord-Afrika og på Pyrenéhalvøya. Umayyadekalifatet sin ekspansjon vestover blei stoppa av Austromarriekt ved omleiringa av Konstantinopel i 718 og av frankarane ved slaget ved Tours i 732. Bølgja av arabiske erobringar enda rundt midten av hundreåret[1]

I Europa tok vikingtida til då skandinaviske vikingar tok til å herja europeiske kystområde og middelhavslanda. Dei grunnla også fleire viktige rike.

I Asia blei Palariket grunnlagd i Bengal. Tang-dynastiet nådde eit høgdepunkt under keisar Xuanzong. Naratida byrja i Japan.

  1. Roberts, J., History of the World, Penguin, 1994.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy