A- og B-side

A-side
B-side
Victor 17929A og 17929B.

A-side og B-side er det opphavlege namnet nytta på dei to sidene på ei 7-tommar vinylplate, som singlar vart gjevne ut på i starten av 1950-åra og fram til byrjinga av 1990-åra. Uttrykket kom til ved at songen som vart plassert på A-sida var den som plateprodusenten håpte ville få speletid på radio og verte ein hit, medan B-sida, den andre sida av plata, var ein song som ofte vart sett på som mindre god. Ofte var B-sida ein song som ikkje kom med på albumet som A-sida ofte kom frå, anten fordi det ikkje var plass eller han ikkje var god nok.

Etter at singlane byrja å kome ut på CD, har dei ofte inneheldt meir enn to songar, der song nr. 1 fungerer som A-side. Dei andre songane på ein slik singel vert likevel ofte kalla «b-sider». Stundom gjev grupper ut eigne plater med samlingar av slike b-sider som ikkje har vorte gjevne ut på andre album tidlegare.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy