Abadan

Oversiktskart

Abadan (persisk: آبادان) er ein by i Iran. Byen har i dag eit ukjent folketal[1][2]. Byen ligg på Abadan-halvøya ved elva Arvand, og er mest kjend som hamn og oljeterminal.

Byen vart svært skada i 1980-81 under krigen mot Irak. Etter krigen var folketalet nær null, men byen er bygd opp att etterpå. I 1993 var raffineriet i delvis drift att, og i 1997 var produksjonen på same nivå som før krigen.

Abadan har eit senter for høgare utdanning i petroleumsteknologi og ein internasjonal flyplass.

  1. CAPLEX oppgjev 265 000 men folketalet har truleg stige raskt etter siste oppdatering, jmf Wikipedia på engelsk og svensk
  2. nettleksikonet Looklex oppgjev 330 000 som eit estimat frå 2005

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy