Abyan guvernement

Abyan
أبين
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 13°20′N 45°23′E / 13.333°N 45.383°E / 13.333; 45.383
Hovudstad Zinjibar
Areal 21 939 km²
Folketal 513 701  (2012)[1]
Folketettleik 23 / km²
Kart
Abyan guvernement
13°20′00″N 45°23′00″E / 13.333333333333°N 45.383333333333°E / 13.333333333333; 45.383333333333
Wikimedia Commons: Abyan Governorate

Abyan (arabisk أبين, Abyan) er eit guvernement i Jemen. Abyan-området var tidlegare ein del av Fadhli sultanat.[2] Det var ein base for den militante gruppa Aden-Abyan islamske hær.[2] Det administrative senteret er byen Zinjibar. Guvernementet er kjend for jordbruket sitt, særleg for dyrkinga av daddelpalmar og dyrehald.

Den 31. mars 2011 rapporterte Al Bawaba at Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) hadde erklært Abyan eit «islamsk emirat» etter å ha teke kontroll over regionen.[3] The New York Times rapporterte at dei som hadde teke kontrollen, i røynda ikkje var Al-Qaida, sjølv om dei var militante muslimar.[4] This takeover was confirmed on Mai 28.[5] Dei jemenittiske styresmaktene sette i verk tiltak for å gjenerobre regionen, og det resulterte i slaget ved Zinjibar.

I tillegg til Zinjibar, var byane Jaʿār og Shuqrah under islamistane sin kontroll.[6] Tidleg i mai 2012 byrja den jemenittiske hæren ein stor offensiv for å få kontroll over provinsen att. Dei statlege styrkane tok Zinjibar og Jaar den 12. juni etter ein månad med tunge kampar. Dei militante trekte seg attende mot byen Shuqrah.[7]

  1. «Statistical Yearbook 2012». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 15. oktober 2015. Henta 28. mai 2016. 
  2. 2,0 2,1 The Resiliency of Jemen's Aden-Abyan islamic Army
  3. Al Bawaba News «Jemen: Al Qaida Declares South province As “islamic Emirate”» Arkivert 2011-04-04 ved Wayback Machine. Eurasia Review 31. mars 31, 2011
  4. New York Times islamist Seize a jemenittiske City, Stoking Fears
  5. islamic Militants suddenly take over Zinjibar, Abyan province
  6. alarabiya.net 17. august 2011
  7. Yemeni army, in major victory, retakes two cities, arkivert frå originalen 20. juni 2012, henta 29. mai 2016 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy