Adrian Smith | |||
Adrian Smith med Iron Maiden på Ottawa Bluesfest i 2010 | |||
Fødd | 27. februar 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hackney, London, England | ||
Fødenamn | Adrian Frederick Smith[1] | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, progressiv rock, hardrock | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Jackson Adrian Smith San Dimas, Gibson Les Paul, Fender Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | Urchin, Iron Maiden, The Entire Population of Hackney, ASAP, The Untouchables, Psycho Motel, Michael Kiske, Bruce Dickinson, Primal Rock Rebellion, Hear 'n Aid | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Adrian Frederick «H» Smith (fødd 27. februar 1957) er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem av Iron Maiden. Han har skrive songar og syng korvokal på somme songar for bandet.
Smith voks opp i Camden i London og vart interessert i rock 15 år gammal. Han danna etter kort tid eit venskap med den framtidige Iron Maiden-gitaristen Dave Murray, som inspirerte han til å byrje og spele gitar. Då han var ferdig på skulen på 16 år, danna han eit band kalla Urchin, som han leia fram til dei vart oppløyst i 1980. Han kom med i Iron Maiden i november 1980 og erstatta Dennis Stratton. Etter eit kortvarlig soloprosjekt kalla ASAP, slutta han i Iron Maiden i 1990 og danna ei gruppe kalla Psycho Motel. I 1997 vart Psycho Motel sett på vent då han igjen vart med i bandet til Iron Maiden-songaren Bruce Dickinson. Smith og Dickinson kom begge attende til Iron Maiden i 1999, og opplevde ny suksess med bandet. Smith har for tida eit sideprosjekt kalla Primal Rock Rebellion.