Aftenposten

Aftenposten

LandNoreg
TypeDagsavis, nettavis
Org.nummer890412882
FormatTabloid
Grunnlagd14. Mai 1860
EigararSchibsted
UtgjevarSchibsted Norge
Sjefredaktør(er)Trine Eilertsen (1. januar 2020– ukjend)[1]
SpråkBokmål, riksmål
HovudkvarterOslo
ISSN0804-3116, 0807-2027
Nettstadhttps://aftenposten.no (norsk)

Aftenposten er den største dagsavisa i Noreg, og dekker spesielt Oslo og omland. Avisa har tradisjonelt hatt eit nært tilhøve til riksmålsrørsla, og målforma til avisa har vore ein skriftnormal fastsett av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Etter kvart har avisa gått over til å skriva vanleg bokmål.

Aftenposten held frå 2003 til 2014 til i Posthuset (det tidlegare Postgirobygget), eit næringsbygg i Biskop Gunnerus' gate 14 i Oslo som mellom anna hyser hovudkontoret for Posten Norge. Før dess hadde Aftenposten sin eigen bygning i Akersgata i Oslo, med avisene Dagbladet og Verdens Gang (VG) som grannar i kvar sine bygningar. Dagbladet flytta òg ut av denne «avisgata», medan Aftenposten flytta attende i 2014, og då inn hjå Verdens Gang.
  1. https://www.aftenposten.no/kultur/i/1nzvoq/trine-eilertsen-blir-ny-sjefredaktoer-i-aftenposten.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy