Aftenpostens Gullmedalje

Aftenpostens Gullmedalje er ein av dei høgste utmerknadene som vert utdelt innan norsk idrett. Gullmedaljen vart skipa i 1933 av Idrettsbladet. Året etter, i 1934, vart han overteken av Morgenbladet, og fekk namnet Morgenbladets gullmedalje. Frå 1993 til 1996 heitte prisen Stiftelsen Morgenbladets gullmedalje. Frå 1997 vart prisen heitande Aftenpostens Gullmedalje.

Ifylgje statuttane skal prisen delast ut for årets beste idrettsprestasjon, og kan berre gjevast éin gong til same idrettsutøvar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy