Akselerasjon

Akselerasjonen er på eit tilfeldig punkt på ein fart-tid-graf gitt som gradienten til tangenten av dette punktet

I fysikk er akselerasjon eit mål på kor fort hastigheit endrar seg. Akselerasjonen vert definert som fartsendring per tidseining. Han er difor ein vektoriell storleik med dimensjon lengd/tid². Måleininga for akselerasjon uttrykt ved SI-einingar er m/s².

Akseleresjon kan vera positive eller negative, i tillegg til retningsemdring. Akselerasjon er definert som hastigheitsendringsraten til eit objekt med omsyn på tid» og kan uttrykkast

der

a er akselerasjonsvektoren
v er hastigheitsvektoren i m/s
t er tida i sekund.

Ein vanleg måte å måla konstant akselerasjon på er å måla hastigheita til ein lekam ved to ulike punkt i rommet, og så dela differansen mellom desse måleverdiane på tida lekamen brukar frå det eine til det andre punktet. Då brukar ein likninga:

der

er gjennomsnittsakselerasjonen (m/s²)
er fartsdifferansen (m/s)
er avslutningsfarta (m/s)
er tidsintervallet (s)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy