Alpane

Alpane
fjellkjede
Land  Tyskland,  Austerrike  Sveits,  Frankrike  Italia,  Slovenia  Monaco,  Liechtenstein
Del av Alpide belt
Kart
Alpane
46°34′41″N 8°36′54″E / 46.578055555556°N 8.615°E / 46.578055555556; 8.615
Wikimedia Commons: Alps

Alpane er ei fjellkjede som inneheld nokre av dei høgaste fjella i Europa og går gjennom Frankrike, Italia, Sveits, Liechtenstein, Tyskland, Slovenia og Austerrike. Alpane er kjend for storslagen natur, alpinkøyring og små alpelandsbyar med særeigne tradisjonar.

Matterhorn speglar seg i ein alpesjø. (Foto: Dirk Beyer)

Namnet «Alpane» kjem frå den franske utgåva av namnet, som igjen kjem frå det latinske namnet Alpes på fjellkjeda. Dette kan ha vorte påverka av latinske ord som albus (kvit) eller altus (høg) eller meir sannsynleg ei latinsk utgåve av eit opphavleg keltisk namn på fjella. Namn på fjellkjeda på andre språk er tysk Alpen, fransk Alpes, italiensk Alpi, slovensk Alpe og engelsk Alps.

Det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa er Mont Blanc på 4 808 meter over havet, medan Dufourspitze, Nordend og Dom er dei tre neste. Mont Blanc ligg på grensa mellom Frankrike og Italia. Andre kjende toppar er Matterhorn, Jungfrau og Piz Buin.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy