Analytisk funksjon

Denne artikkelen handlar om funksjonen som kan skildrast som ei potensrekkje. For funksjonen i kompleks analyse, sjå holomorf funksjon.

Ein analytisk funksjon er ein matematisk funksjon, som i eit kvart punkt i domenet sitt kan skildrast lokalt som ei konvergerande potensrekkje. Funksjonen f(x) er analytisk i p dersom han kan uttrykkjast som ei konvergerande potensrekkje i eit intervall som omgjev x = p. Dersom f(x) er analytisk i eit kvart punkt i domenet sitt, kallar vi han berre ein analytisk funksjon eller ein Cω-glatt funksjon. Det er omsynssmessig å dele inn i reelle analytiske funksjonar og komplekse analytiske funksjonar. Innan kompleks analyse er holomorf og analytisk ekvivalente eigenskapar. Ein heil funksjon er ein holomorf funksjon som er definert for heile det komplekse planet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy