Anekdote

Illustrasjon av ein anekdote om Abraham Lincoln, som skal ha vassa over ei iskald elv for å hjelpa ein liten hund over til den andre sida. Frå Life of Abraham Lincoln : being a biography of his life from his birth to his assassination ; also a record of his ancestors, and a collection of anecdotes attributed to Lincoln (1896)

Anekdote (av gresk ανέκδοτον, anékdotoni, ‘ikkje utgjeven’) er ei kort, gjerne spøkefull forteljing. Ho kan vera knytt til ein kjend person eller ei hending, og treng ikkje nødvendigvis vera sann.[1][2] Anekdoten kan ha eit klart poeng eller illustrera ei sak.[3]

I eldre tid var anekdotar skrifter som bygde på munnlege forteljingar. Det finst innslag av anekdotiske beretningar i mange romaner.[3]

  1. «anekdote» i Nynorskordboka.
  2. Kennedy, X. J. (2005). Handbook of Literary Terms, Third Ed. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education. s. 8. 
  3. 3,0 3,1 «anekdote». Store norske leksikon (på norsk). 9. mai 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy