Antisemittisme

Jødestjerne — den gule stjerna som nazistane tvinga jødar til å bera i Tyskland og dei fleste okkuperte områda under andre verdskrigen. Denne er frå det okkuperte Frankrike.
Foto: Olve Utne

Antisemittisme er fordommar mot, hat mot eller diskriminering av jødar som ei etnisk eller religiøs folkegruppe. Omgrepet er vanlegvis synonymt med jødehat. Jødehatet har i mestedelen av historia vore størst blant kristne i Europa, og knytt til forestillinga om at «det var jødane som drap Jesus» og at jødane er vantru.

I dag er jødehatet truleg størst blant muslimar, sjølv om det òg eksisterer i kristne og sekulære miljø. Blant muslimar er det vel i hovudsak knytt til konflikten mellom staten Israel og arabarane i Midtausten, men har òg ein religiøs dimensjon, som i den kristne anti-semittismen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy