Appenninane

Appenninane
fjellkjede
Land  Italia,  San Marino
Del av Alpide belt
Kart
Appenninane
43°16′54″N 12°34′55″E / 43.281667°N 12.581944°E / 43.281667; 12.581944
Wikimedia Commons: Apennine mountains

Appenninane (gresk Απεννινος, latin Appenninus, italiensk Appennini) er ei fjellkjede som strekkjer seg 1000 km frå nord til sør langs austkysten av Italia. Ho går langs heile halvøya og dannar ryggraden i landet.

Fjella har gjeve namn til Den apenninske halvøya (Den italienske halvøya), som utgjer mesteparten av Italia. Fjella er stort sett dekte av grøn vegetasjon og skog, men den eine sida av den høgaste toppen, Corno Grande (2 912 m), er delvis dekt av den sørlegaste isbreen i Europa. Austsida som heller ned mot Adriahavet er bratt, medan vestsida dannar ei slette der dei fleste historiske byane i Italia ligg. Den totale lengda er om lag tusen kilometer og breidda er 80 til 140 km.

Namnet kjem truleg frå det keltiske pen, ein fjell topp, og har derfor same opphav som dei engelske fjella Penninane. Appenninane vart opphavleg berre nytta om den nordlege delen av fjellkjeda frå Dei maritime Alpane til Ancona. Polybius er truleg den første forfattaren som nytta namnet på heile fjellkjeda, og skil faktisk heller ikkje mellom Appenninane og Dei maritime Alpane, og strekkjer fjellkjeda heilt til Marseilles. Andre forfattarar frå antikken skil ikkje mellom forskjellige delar av kjeda, men nyttar namnet generelt for heile kjeda.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy