Arktis

Arktis fotografert frå satellitten Suomi NPP.
Isaudet i Arktis

Arktis er namnet på områda rundt Nordpolen. Det finst fleire definisjonar på nøyaktig kva område det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen når ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landområde, som Svalbard, Grønland og det nordlegaste Amerika. Desse definisjonane nyttar gjerne Polarsirkelen eller den nordlege tregrensa som ytre grense for Arktis.

Dersom ein bruker den snevre definisjonen av Arktis, finst det ikkje land der. Overflaten er danna av store isflak som støyter saman og bryt seg laus frå kvarandre. Tek ein med landområda litt lenger sør, vil ein finna at dei også er prega av is. Dei er tundralandskap, det vil seia at det meste av jorda er frosen året rundt.

Trass i dette har Arktis eit rikt dyreliv. I hava og under isen er det liv. I tillegg til fisk og havpattedyr finn ein til dømes mosdyr, sjøpungar, krepsdyr og muslingar. Symbolet på Arktis er likevel isbjørnen.

Namnet Arktis kjem frå det greske ordet Arktos, som tyder bjørn. Stjernebileta som grekarane kalla Store Bjørn og Vesle Bjørn ligg i nord, og dermed blei dette dyret knytt til nordlege trakter. At isbjørnen er det dyret dei fleste assosierer med Arktis, gjer namnet endå meir passande. Antarktikos, eller Antarktis er dermed motstykket til bjørnelandet, og ligg på andre sida av jordkloten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy