Atoll

Danninga av ein atoll. Korallrev veks rundt ein vulkan som gradvis blir sliten ned.

Ein atoll er eit rundt, lågt korallrev som normalt omkransar ein lagune og dannar ei øy. Det kan danna ein heil ring eller ha form som ein hestesko.[1]

Atollen Nukuoro i Mikronesiaføderasjonen.

Denne typen øyar reiser seg opp frå havbotnen, ofte frå djupner på fleire tusen meter. Dei er særleg vanlege i vest og i midten av Stillehavet,[1] til dømes i Cookøyane, Bikiniøyane og Banaba.

Den største atollen i verda er Kiritimati på 388 km².[2]

  1. 1,0 1,1 «atoll» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Kiritimati», Store norske leksikon, 14. august 2014, henta 31. januar 2016 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy