Aust-Timor

Republika Demokratika Timor Lorosa'e
Republica Democratica de Timor-Leste
('Den demokratiske republikken Aust-Timor')

(norsk: Aust-Timor, austtimoresisk)

Det austtimoresiske flagget Det austtimoresiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pátria»
Motto Portugisisk: Honra, Pátria e Povo (Ære, land og folk)
Geografisk plassering av Aust-Timor
Offisielle språk Tetum og portugisisk
Hovudstad Dili
Styresett
Republikk
José Ramos-Horta
José Maria Vasconcelos (Taur Matan Ruak)
Flatevidd
 – Totalt
 
14 874 km² (156.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 291 358 (.)
86,8 /km² (97.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Portugal

28. november, 1975
20. mai, 2002
Nasjonaldag 20. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 101 mill. USD (159.)
6 100 USD (133.)
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC+9
Telefonkode +670
Toppnivådomene .tp


Aust-Timor, også kalla Timor-Leste, er eit land i Søraust-Asia, mellom Indonesia og Australia. Landet fekk fullt sjølvstende 20. mai 2002, etter lang tids konflikt med okkupasjonsmakta Indonesia. Det består av den austre delen av øya Timor, øyane Atauro og Jaco, og Oecusse, ein eksklave nordvest på øya, innanfor det indonesiske Vest-Timor. Det samla landarealet er på storleik med Montenegro.

Aust-Timor blei portugisisk koloni på 1500-talet, og var det fram til Japan invaderte under andre verdskrigen. Timoresarane samarbeidde med dei allierte under den japanske okkupasjonen og dreiv geriljakrig i fjella på øya. Etter krigen fekk Portugal tilbake kontrollen, men starta ein dekoloniseringsprosess i byrjinga av 1970-åra. I 1974 avslutta Portugal koloniherredømmet sitt. Etter ein kort borgarkrig mellom dei politiske partia Fretilin og UDT, erklærte Aust-Timor seg unilateralt sjølvstendig den 28. november 1975. I desember 1975 invaderte Indonesia og okkuperte landet. I juli 1976 erklærte Indonesia at territoriet var den 27. provinsen i landet. FN anerkjende ikkje annekteringa, og gav Aust-Timor status som ikkje-sjølvstyrt territorium under portugisisk administrasjon. Fridomskampen heldt fram, og i 1990-åra kom det til større militære konfrontasjonar. Den indonesiske okkupasjonen var prega av vald og overgrep mot sivilbefolkninga. Etter at den indonesiske leiaren Suharto fall, bestemte den nye presidenten Habibie at det skulle haldast ei folkeavstemming om sjølvstende i 1999. Denne gav klart fleirtal for eit uavhengig Aust-Timor, men utløyste nye valdshandlingar. FN bad det internasjonale samfunnet intervenera, og etter ein FN-styrt overgangsprosses fekk Aust-Timor fullt sjølvstende i 2002.

Aust-Timor er eitt av berre to land i Asia med katolisisme som dominerande religion (det andre er Filippinane). Aust-Timor er eit relativt fattig land, og er i ein nasjonsbyggingsfase etter mange tiår med fridomskamp.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy