Autonome regionar i Spania

Ein autonom region (Comunidad Autónomaspansk) er den første politiske inndelinga av Spania, oppretta i den spanske grunnlova i 1978. Lova gjev regionane rett til sjølvstyre, men dei er uoppløyseleg knytt til den spanske nasjonen.[1][2]

Den politiske makta i Spania er kanalisert av den sentrale regjeringa og 17 autonome regionar. Styra i dei autonome regionane er ansvarlege for skular, universitet, hesle og sosialvesen, kultur, urban og landleg utvikling og somme stader politivesen[3]. Det finst òg to autonome byar. I alt har autonomías-systemet i Spania vorte kalla «merkverdig på grunn av omfanget makta fredfult har utvikla seg på dei siste 30 åra»[4] og «eit sjeldant desentralisert land», der den sentrale regjeringa berre står for 18 % av det offentlege forbruket, dei regionale styra for 38 %, dei lokale kommunestyra for 13 % og trygdesystemet for resten[3].

  1. "Regional Government". Spain. Encyclopedia Britannica Online
  2. Preliminary Title. Second Article Arkivert 2007-10-26 ved Wayback Machine.. Spanish Constitution of 1978.
  3. 3,0 3,1 [1]
  4. [2]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy