Avantgarde

Tittelsida til En avant Dada (1920) av Richard Hülsenbeck. Dadaisme er rekna som ein avantgardistisk kunstretning.

Avantgarde eller avant-garde er ei nemning som vert brukt om kunstnarisk og intellektuell verksemd som er radikal og nyskapande. Avantgardisme dekker fleire modernistiske kunstretningar som har utfordra den etablerte kunsten og opna nye rom for utviklinga av ei kunstform. Det å vere avantgarde, avantgardistisk eller avantgardist vil jamnast sikte til personar og miljø som er pionerar for nye straumdrag i kulturen, politikken og kunsten.

Ordet avantgarde er fransk og betyr «fortropp».[1] Omgrepet har vorte ført over frå militær terminologi, der det viser til spesialavdelingar som opererer i felten framom større framrykkande hæravdelingar, gjerne bak fienden sine forsvarslinjer.

  1. «avantgarde». Store norske leksikon (på norsk). 3. mai 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy