Bachelor

Bachelor (norsk eigenleg baccalaureus) er ei universitetsgrad som blir delt ut etter den første syklusen med høgare utdanning i mange land, først og fremst i dei engelsktalande landa. Som eit resultat av Bologna-prosessen har fleire, ikkje-engelsk-talande land, også Noreg, tatt i bruk den engelske tittelen «bachelor» for den første delen av ei høgare utdanning. I Noreg vart grada bachelor innført i 2003 og blir tildelt etter tre år med studiar tilsvarande 180 studiepoeng. Dette er ofte også ei grad som gjer studentane klare til arbeidslivet.

Bachelor er den engelske skrivemåten for den tradisjonsrike grada baccalaureus, ei lågare grad brukt ved europeiske universitet sidan mellomalderen. Grada eksisterte ved Københavns Universitet, som då var det einaste universitetet i Danmark-Noreg, frå 1479 til 1775, og vart i hovudsak brukt ved det filosofiske fakultetet. I samband med at grada vart innført att i 2003 gjekk eit mindretal i Språkrådet inn for å bruke det latinske namnet baccalaureus (med hokjønnsforma baccalaurea) i staden for den engelske skrivemåten. Språkrådet sitt fleirtal foreslo namnet «kandidat», men regjeringa valde å ikkje ta innstillinga frå Språkrådet til følgje.[1]

  1. http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/20002001/Stmeld-nr-27-2000-2001-/6/3.html?id=194293&epslanguage=NO,NO

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy