Basra

Basra
البصرة
by
Basra
Kallenamn: Austens Venezia[1]
Land  Irak
Guvernement Basra guvernement
Høgd moh.
Areal 50−75 km² [2]
 •  storbyområde 181 km²
Folketal 2 150 000  (2017)
 - storby 2 850 000
Grunnlagd 636 evt.
Tidssone +3 GMT
Retningsnummer (+964) 40
Kart
Basra
30°30′54″N 47°48′36″E / 30.515°N 47.81°E / 30.515; 47.81
Wikimedia Commons: Basra
Nettstad: http://www.basra.gov.iq/

Basra (arabisk البصرة, al-Baṣrah) er ein by i Irak i Shatt al-Arab mellom Kuwait og Iran. I 2012 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[2] Basra er den viktigaste hamnebyen i Irak, sjølv om han ikkje har ei djupvasshamn, som Umm Qasr har.

Byen er ein del av den historiske staden Sumer, ein av hamnebyane som Sinbad sjøfararen vitja. Han spelte ei viktig rolle i tidleg islamsk historie og vart bygt i 636 evt. Basra er ofte ein av dei varmaste byane i Irak, og om sommaren går temperaturen ofte over 50 °C. I april 2017 anerkjende det irakiske parlamentet Basra som det økonomiske senteret i Irak.[3]

  1. Sam Dagher (18. september 2007). «In the 'Venice of the East,' a history of diversity». The Christian Science Monitor. Henta 31. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Basra city Profile» (PDF). UN Joint Analysis Unit. 
  3. «Iraqi parliament recognizes Basra as economic capital». 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy