Koninkrijk België Royaume de Belgique Königreich Belgien (norsk: Belgia, belgisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Brabançonne» | ||||||
Motto | nederlandsk: «Eendracht maakt macht» fransk: «L’union fait la force» tysk: «Einigkeit gibt Stärke» (‘Sameining gjer sterk’) | ||||||
Offisielle språk | Nederlandsk, fransk og tysk | ||||||
Hovudstad | Brussel (fr. Bruxelles) | ||||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Philippe Sophie Wilmès | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
30 528 km² (138.) 6,2 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
11 491 346 (77.) 376,4 /km² (22.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
frå Nederland 1830 1839 | ||||||
Nasjonaldag | 21. juli | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
494 600 mill. USD (38.) 46 200 USD (26.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +32 | ||||||
Toppnivådomene | .be
|
Kongeriket Belgia eller berre Belgia (nederlandsk: Koninkrijk België eller België, fransk: Royaume de Belgique eller Belgique, tysk: Königreich Belgien eller Belgien) er eit lite land vest i Europa. Landet grensar til Nederland, Tyskland, Luxembourg og Frankrike. I tillegg er det ei lita kystline mot Nordsjøen.
I romersk tid låg det som no er Belgia grovt rekna i den romerske provinsen Gallia Belgica. Denne plasseringa i utkanten av Romerriket, på grensa mellom det latinske og det germanske kulturområdet er framleis tydeleg i Belgia. Landet er framleis kulturelt og språkleg delt i eit latinsk fransktalande og eit germansk nederlandstalande område. Om lag 6 millionar talar flamsk (som berre i liten grad skil seg frå nederlandsk) og om lag 4 millionar talar fransk. Dei fleste flamsktalarane bur i Flandern, i nord, og dei fleste fransktalarane bur i Vallonia, i sør. Brussel er offisielt tospråkleg, men dei fleste talar fransk. Vallonsk skil seg noko frå «Brusselfransk». Det bur òg ein tysktalande minoritet i aust.
I antikken var innbyggjarane i det som no er Belgia organiserte i gallo-romanske og germanske stammar, som Julius Cæsar kalla «Belgae». Frå slutten av mellomalderen og fram til 1600-talet var området eit viktig industrielt og kulturelt senter i Europa. I tidsrommet frå 1500-talet fram til Belgia vart erklært som uavhengig stat i 1830 var området ofte krigsskodeplass for dei europeiske stormaktene. I det 20. hundreåret var Belgia ein med som ein av grunnleggarane i EU og NATO.