Berg kommune

For kommunen i Sverige, sjå Bergs kommun.
Berg kommune
tidlegare kommune
Bergsbotnen inst i Bergsfjorden i Berg.
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Skaland
Areal 294 km²
 •  land 277 km²
 •  vatn 17 km²
Målform bokmål
Ordførar Roar Jakobsen (LL)
Kommunenr. 1929
Kart
Berg
69°28′00″N 17°23′52″E / 69.466666666667°N 17.397777777778°E / 69.466666666667; 17.397777777778
Wikimedia Commons: Berg (Senja)
Nettstad: www.berg.kommune.no

Berg kommune (nordsamisk Birggi suohkan) er ein tidlegare norsk kommune som låg på yttersida av Senja i Troms fylke. Han grensa mot Lenvik kommune i aust, mot Tranøy kommune i sør og mot Torsken kommune i sørvest. 1. januar 2020 blei dei fire kommunane slått saman til nye Senja kommune.

Utsyn over Hamn i Senja.
Frå Mefjordvær i Berg.

Spisse tindar med fleire toppar over 800 moh. reiser seg bratt opp frå kysten og fjordsidene. Breidtinden er den høgste (985 moh.) og ligg sør for Mefjordbotn og Stormoa nest høgst (973 moh.) og ligg innanfor Bergsfjorden. Bratte og tronge dalar treng inn mellom tindane, fleire av dei endar i botnar fylt med sjøar og vatn. Fjellgrunnen er vesentleg gneis og granitt av prekambrisk alder.

Svanvatnan i søraust er verna mot kraftutbygging, det er også verneverdig fugleliv i Svandalen og Bergsøyan ved innløpet til Bergsfjorden. Tidvatnet i Trongstraumen ved Straumsnes kan ha opptil 7 knops fart.[1]

  1. «Berg – kommune i Troms». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy