Bergen lufthamn, Flesland | |||
| |||
IATA | BGO | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENBR | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Bergen, Hordaland | ||
Stad | Bergen kommune | ||
Opna | 18. juni 1954 | ||
Høgd | 166 fot | ||
Koordinatar | 60°17′37″N 5°13′5″E | ||
Nettstad | https://avinor.no/en/airport/bergen-airport/ |
Bergen lufthamn, Flesland er ei sivil stamrutelufthamn i Bergen kommune i Hordaland fylke. Lufthamna ligg på Flesland, om lag 18 kilometer sørvest for Bergen by. Lufthamna stod ferdig 1955, etter å ha vore på planleggingsstadiet heilt frå 1930-talet. Flyplassen har ei rullebane på 3 000 meter, og eit ekspedisjonsbygg som var nytt i 1988.
To flybussruter over Fana og Fyllingsdalen knyter flyplassen til Bergen sentrum. Bybanen i Bergen opna fram til Flesland i 2017.