Bert Jansch

Bert Jansch

Jansch spelar i august 2006
Fødd3. november 1943
Fødestadi Glasgow i Skottland
Død5. oktober 2011 (67 år)
DødsstadHampstead
FødenamnHerbert Jansch
OpphavSkottland
Aktiv1965 til i dag
SjangerFolk, folkrock, folk baroque
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarPentangle
PlateselskapTransatlantic
Charisma
Verka somMusikarar, låtskrivar
Gift medHeather Jansch
PrisarBBC Radio 2 Folk Awards, MOJO Awards, honorary doctor of the Edinburgh Napier University

Herbert Jansch (3. november 19435. oktober 2011), betre kjend som Bert Jansch, var ein skotsk folkemusikar som var med på å starte bandet Pentangle. Han vart fødd i Glasgow og i 1960-åra var gitaristen Davey Graham og visesongarar som Anne Briggs ei stor inspirasjonskjelde for han. Han var mest kjend som ein innovativ og dyktig akustisk gitarist, men òg som songar og låtskrivar.

Jansch spelte inn mist 25 album og turnert mykje sidan starten av 1960-åra. Han heldt på med konsertar så lenge han levde. Han har påverka artistar som Paul Simon, Johnny Marr, Bernard Butler, Jimmy Page, Nick Drake, Graham Coxon, Donovan og Neil Young. Han vann to æresprisar på BBC Folk Awards: ein i 2001 for solokarrieren og ein i 2007 som medlem av Pentangle.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in