Between the Buttons

Between the Buttons
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 20. januar 1967
Innspelt 3–11. august, 8–26. november og 13. desember 1966
Sjanger
Lengd 38:51
Selskap Decca
Produsent Andrew Loog Oldham
Britisk The Rolling Stones-kronologi 
Aftermath
(1966)
Between the Buttons Their Satanic Majesties Request
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Entertainment WeeklyA[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[3]

Between the Buttons er det femte britiske og sjuande amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones og kom ut i 1967 som oppfølgjaren til Aftermath.

Plata vart spelt inn i to omgangar i Los Angeles i august 1966 og London i november same året. Between the Buttons synte The Rolling Stones i ein periode der dei flytta seg inn i eit meir kunstnerisk landskap og bort frå R&B-røtene deira. Med album som The Beatles sitt Revolver, The Beach Boys sitt Pet Sounds og Bob Dylan sitt Blonde on Blonde, samt deira eige Aftermath og singlande deira frå 1966, hadde rocken fått ein kraftig utvida musikalsk horisont. The Rolling Stones prøvde å ta eit ytterlegare kunstnerisk steg frå Aftermath, og synte påverknad frå andre britiske band på denne tida som The Kinks.

Som Aftermath vart Between the Buttons gjeve ut i to forskjellige utgåver i Storbritannia og USA. Den britiske utgåva kom ut i januar 1967 på Decca Records, samstundes med ein separat singel, «Let’s Spend the Night Together» med «Ruby Tuesday» på baksida. Sidan det var vanleg i den britiske plateindustrien på denne tida å ikkje ta med singlane på studioalbuma, var ikkje denne med på «Between the Buttons». Albumet vart generelt godt teke i mot og nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia. I Noreg låg albumet seks veker samanhengande på andreplassen, bak filmmusikken til The Sound of Music

I USA vart singelen med «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday» ein del av albumet og «Back Street Girl» og «Please Go Home» fjerna. Dei to sistnemnde kom seinare med på den amerikanske plata Flowers. «Ruby Tuesday» gjekk til topps på singellista i USA og drog Between the Buttons med seg til andreplass.

Between the Buttons vart det siste albumet som vart produsert av Andrew Loog Oldham, som The Rolling Stones skilde seg sommaren 1967. Oldham hadde større innverknad på dette albumet enn tidlegare album, og nytta mellom anna Phil Spector-liknande lagvise lydspor på «Yesterday’s Papers», «My Obsession» og «Complicated», samt ukreditterte korvokalistar (kanskje mellom anna Graham Nash) gjennom heile plata. Brian Jones held fram å eksperimentere med eksotiske instrument og spelte mellom anna munnspel, blokkfløyte, piano, orgel og elektrisk dulcimer.

I åra etter ho kom ut vart Between the Buttons på ein eller annan måte oversett. I dag er derimot både kritikarar og tilhengjarar langt meir entusiastisk. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på 355. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

  1. Allmusic review
  2. Browne, David (20. september 2002). «Satisfaction?». Entertainment Weekly (New York) (673). Arkivert frå originalen 21. oktober 2014. Henta 26. mars 2018. 
  3. Moon, Tom (2004). «The Rolling Stones». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 695–699. ISBN 0-7432-0169-8. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy