Biskop

Biskopen Henrik med typiske bispesymbol frå mellomalderen: Høg hatt og hyrdestav.

Biskop er ein tittel på dei øvste prestane innan kristne kyrkjer. Ein biskop er gjerne leiar for eit bispedøme og har oversyn over fleire prestar. Ordet «biskop», også forkorta til bisp, kjem frå gresk episkopos (επισκοπος), som betyr 'tilsynshavande'.

Symbol for ein biskop kan vera bispelue (mitra), bispering (annulus), bispestav (krumstav), brystkross og korkåpe.[1]

I mange kyrkjer står erkebiskopar over ein biskop i rangordninga, i den katolske kyrkja også kardinalar.

  1. «Bispelue» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juni 2015.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy